Aktuelt

 

YTF's grillturné høsten 2022

29. august - 2. september hadde vervegjengen grillturné i Hardanger området, i strålande seinsommervær

 

 

 

Tysnes

Beate Storesætre og Asbjørn Hærø starta på Tysnes mandag, der stilte medlemmane opp omtrent alle mann alle, og praten gjekk livlig rundt bordet med god grillmat.

(klikk på bildene for full størrelse)

 
 

 

Utpå dagen kom også Trude Valle og Linda Jæger, da Linda hadde komt seg over fjellet med fly:

Trude Valle

Trude Valle,
nestleder i YTF og leder av YTF avd. 2

Trude Valle

Linda Jæger,
generalsekretær i YTF

 

Husnes

Etter kvart pakka me saman, og satte kursen mot feriehuset til Asbjørn i Jondal, der me skulle ha base til torsdagen, og utpå kvelden kom Per Kristian Larsen (Gjensidige) og Kjell Nesheim på plass og. Så då var me fulltallige då me tirsdag morgon satte kursen mot Husnes. Også her hadde me bra med medlemmer (og noen andre) innom. Mange hadde gode spørsmål, og drøsen gjekk over et godt måltid.

 

 
 
 
 

 

Me rakk også ein kjapp tur oppom baroniet i Rosendal på veien til Jondal igjen, og Asbjørns fabelaktige lammefrikassé om kvelden.

 
 

 

Odda

Onsdag var det Odda sin tur.. også her var det bra oppmøte og god stemning i strålande sol. Då måtte dessverre Linda og Trude forlate oss midt på dagen, då de hadde andre plikter som venta i Oslo og Bergen.

 

 
 

 

Norheimsund

Torsdag morgon måtte me pakka oss ut av Asbjørn`s residens før me reiste til Norheimsund, og til nok ein dag med hyggelig samvær med grillmat og drøs med medlemmer og enkelte andre. Her har underteikna forsømt seg litt med bildetaking.. tok berre et bilde av Reidar Bjørke i ein veteran Mercedes. Eg får skulda på at eg var meir opptatt av å laga til mat til de frammøtte.

 

 

 

 

Voss

Som vanlig, avslutta me haustturnéen på Voss, også fremdeles i strålande sol, og ikkje minst god stemning blandt dei som var innom.. det var nesten godt at de hadde plassert ei kontorbrakke på terrassen der me hadde maten, for den kasta litt skygge.

 

 
 

 

Alt i alt hadde me ei flott veka med værgudane på vår side. Tusen takk til alle medlemmene som kom og besøkte oss, og gjorde denne turen til ein suksess, Per Kristian og Linda jæger som kom heile veien frå Oslo, og sist men ikkje minst, ein stor takk til Asbjørn og Nina, som gjestfritt opna dørene på den flotte plassen deiras i Jondal til oss.

 

Referat,
Beate Storesætre, tillitsvalgt i Norheimsund. 

 

 

Vi er der for deg når du trenger oss


 
Vi benytter informasjonskapsler (cookies) for å sikre grunnleggende funksjonalitet på nettsiden vår: