Nyheter

Bussjåførane på Voss er oppgjevne over direktør Erik Fleischer Tønjum på Fleischer’s Hotel, som meiner ei busslomme på 54 meter er sikrare og betre enn ei busslomme på 72 meter.

Voss: Bussjåfører protesterer mot forslag om kortare busslomme
28NYHKjellNesheim120718 2 agp 600x400
Tillitsvald i Yrkestrafikkforbundet mellom Tide-sjåførane på Voss, Kjell Nesheim, skjønnar ikkje korleis Fleischer Tønjum kan seia at ei mindre busslomme for turbussar er betre og sikrare enn ei stor busslomme.
Foto: Bjørn Sandnes / Hordaland.

Bussjåførane på Voss er oppgjevne over direktør Erik Fleischer Tønjum på Fleischer’s Hotel, som meiner ei busslomme på 54 meter er sikrare og betre enn ei busslomme på 72 meter.


Innhold og tekst er hentet fra artikkelen Bussjåfører protesterer mot forslag om kortare busslomme (+) som sto på trykk 28. juli 2018 i avisa Hordaland. Innholdet er gjengitt med tillatelse

Det har ei tid vore strid mellom Fleischer’s Hotel og Voss kommune og Statens vegvesen om busslommene for turbussar som er planlagde ved hotellet.
Kommunen og vegvesenet vil ha busslommer som strekkjer seg 72 meter langs vegen. Fleischer’s Hotel ynskjer å redusera lengda på busslommene ned til 54 meter for å kunna byggja eit nytt inngangsparti på den sida av hotellet som vender mot vegen.
Dette meiner hotellet er heilt naudsynt for framtida til hotellet.

Skjønar ikkje
Tide-sjåførane sin tillitsvalde Kjell Nesheim seier han og kollegaene rett og slett ikkje skjønar korleis Fleischer Tønjum resonnerer.

– Me meiner at ei 72 meter lang busslomme framom Fleischer’s er eit minimum av det me treng av kapasitet for å kunna henta og setja av turistar i høgsesongen, ut frå eit tryggleiksmessig perspektiv. Turisttrafikken går berre oppover her på Voss, så ei mindre busslomme enn det som er planlagd, vil kunna føra til vanskelege trafikktilstandar. At ei mindre lomme skal vera sikrare og betre, går difor over vår fatteevne, seier Nesheim. Han fortel at han har fått ei rekkje telefonar frå sjåførkollegaar som ber han protestera på forslaget til direktøren på Fleischer’s.

Kryssing
Nesheim understrekar at dei planlagde busslommene framom Fleischer’s gjer at turbussane vil kunna henta den store mengda turistar som anten kjem eller skal reisa frå togstasjonen.

– Dette gjer at trongen til å kryssa vegen vert kraftig redusert. I dag slepp jo mange turbussar av turistane eller plukkar dei opp på parkeringsplassen til Kulturhuset. Det skapar kaotiske og ofte farlege trafikksituasjonar fordi dei må kryssa vegen for å koma til og frå stasjonen, seier Kjell Nesheim.

Rutebuss
Kjell Nesheim er også svært kritisk til Fleischer Tønjum sitt ynskje om at dei nye busslommene for rutebussar også skal kunne nyttast av turbussar.

– Då me hadde rutebusstopp framom jernbanestasjonen, opplevde me mange gonger at plassane var opptekne av turbussar om sommaren. Eit av hovudpoenga med den nye trafikkløysinga er nettopp å skilja rutebussane frå turbussane. Det er heilt naudsynt for å få ei god nok trafikkløysing i sommarsesongen. Det motsette er nærast eit skrekkscenario for oss sjåførar, seier Kjell Nesheim.

– Uriktig
Nesheim peikar på at det ikkje er riktig at sjåførane ikkje er godt nok informerte om denne saka, slik Fleischer Tønjum skriv i sitt lesarinnlegg.

– Me har heile tida vorte informerte, og me er tekne med på råd i denne saka. Men det er riktig at me ikkje har delteke så mykje i den offentlege debatten om denne saka, seier Kjell Nesheim.

Han peikar på ein ting der dei einige med Fleischer Tønjum i det hotelldirektøren har skrive i lesarinnlegg i Hordaland, nemleg at det er naudsynt å finna betre parkeringstilhøve for turbussar.

– I dag vert det parkert i hytt og pine, og me har enno ikkje sett noko planar for å betra dette. Fleischer’s Hotel har nokre parkeringsplassar for turbussar på eige område, og det skal dei ha honnør for. Det er også nokre parkeringsplassar for turbussar på Holbergs plass. Men desse kan vera opptekne over lang tid av bussar som ikkje har oppdrag med til dømes å køyra cruiseturistar. Dette må me finna betre løysingar på, seier Nesheim.

Betre og sikrare
Direktør Erik Fleischer Tønjum held fast ved at ei kortare busslomme på 54 meter vil vera betre og sikrare enn den planlagde busslomma på 72 meter.

– Ei kortare busslomme med plass til færre bussar på ein gong, vil føra med seg at færre turistar kan gå av og på bussane samtidig. Det vil igjen føra med seg at det er færre menneske som kan laga farlege situasjonar i trafikken.

– Sjåførane seier at det jamleg vil vera trong for den lange busslomma. Kor skal bussane som ikkje får plass der sleppa av sine passasjerar?


– Eg meiner det må vera mogleg å nytta terminalen for rutebussane også for turbussar når det er trong for det. Eg saknar dokumentasjon for trongen til ei så stor busslomme framom Fleischer’s Hotel. Eg tykkjer Voss kommune no må byrja å talfesta trongen for den store busslomma i staden for berre å påstå at dei har trong for det. Eg ynskjer meg også ein analyse av korleis turbussane kunne nytta rutebusslommene på dei tider av døgnet der er liten eller ingen rutetrafikk. Det kan sjølvsagt ikkje vera fritt fram for turbussane på rutebilterminalen, men det må vera mogleg å finna fram til ei ordning som alle partar kan leva med. Fem busslommer langs E16 som gjev ein kapasitet på om lag 1000 turistar i timen vil vera meir enn stor nok kapasitet slik me kjenner turiststraumen. Dersom det skulle visa seg å vera trong for kapasitet ut over dette, så ber me om at dette vert dokumentert. Dette er eit svært viktig poeng for oss, seier hotelldirektøren.

Konsekvensar
Fleischer Tønjum peikar på at det er heilt naudsynt for hotellet å byggja eit nytt inngangsparti på den sida av hotellet som vender mot vegen.

– Om busslommene blir så lange som planane seier no, vil konsekvensane vera at det ikkje vera mogleg for oss å byggja dette inngangspartiet. Det vil vera kritisk for oss i framtida.

– Kvifor treng de eit nytt inngangsparti?

– Det er mange grunner til det. Mellom anna har ombygginga av stasjonen gjort at dei av gjestane våre som kjem med tog inn i spor 2 og 3, vert slusa ut i vegen framom stasjonen gjennom undergangen under toglinene. Då må dei gå heile vegen rundt hotellet med sin bagasje for å koma inn i den noverande resepsjonen. Spesielt på vinteren er dette krevjande. Me har fått mange gjestar i dårleg humør inn på hotellet på grunn av dette. Slik kan me ikkje ha det i framtida. Me treng også å slusa inn mykje varer på framsida, dette vert ei stor utfordring med den planlagde busslomma. Eg vil minna om at dette har vore kjend for kommunen i meir enn ti år, seier Erik Fleischer Tønjum.

Dialog
Fleischer Tønjum ynskjer ein dialog med bussjåførane om saka.

– Hadde me vore på Voss då bussjåførane kom med sitt utspel, hadde me nok invitert dei på ein kopp kaffi og ein prat. No er får vi ta dette når me kjem tilbake frå ferie, seier direktør Erik Fleischer Tønjum på Fleischer’s Hotel.

 

Original artikkel er skrevet av Bjørn Sandnes i avisa Hordaland.
Lenke til original artikkel finner du her

 

 

Vi er der for deg når du trenger oss


 
Vi benytter informasjonskapsler (cookies) for å sikre grunnleggende funksjonalitet på nettsiden vår: